tirsdag 24. januar 2012

Et ord med kapteinen..

(PS: Dette bilde er en "teaser" for hva som vil komme utover mot seriestart)

Les hele intervjuet her...



Navn: Svein-Arve Alnes
Født: 11.februar
Tidlig klubbar: Godøy og Vigra
Posisjon: Midtbanespelar


Så Hr. Alnes, de ville rett å slett hvert uhøflig å ikke spør hvordan de går med nepa etter fjorårets Træff trøkk?
Jau, hodet fungera minst like bra som før. Gjekk nokre veker før eg fekk trent igjen, så det var kjekt å starte opp igjen med skikkelig fotballtrening over nyttår. Går fortsatt med plaster i panna, men i slutten av måneden skal dei av, og allereie fire dager etterpå er det første kamp på over tre månader, mot nettopp Træff.

Treningskampene begynner til helgen med mini-cup i Brattåvågen der Brattvåg og Volda blir motstandere. Hvordan tror du tiden fremover blir med både treninger og kamper som kommer på løpende bånd?
Det skal bli godt å komme i gang med kampar, det er då ein ser korleis ein ligg an i forhold til andre lag. Vi skal møte relativ god motstand i år før sesongstart, slik at vi står best mulig rusta når alvoret startar. I fjor hadde vi berre heimekampar før sesongen, noko som kaaanskje gav negativ utslag når vi hadde bortekampar i starten av sesongen. Viktig å trene på å spele borte og. Når det gjeld treningane så er det viktig at alle får trent godt. Vi har hatt ein del skadde spelarar hittil i år, så vi får håpe desse kjem raskt tilbake både for deira eigen del og for at nivået på treningane skal hevast.

SIF-gjengen skal også til Tyrkia på treningsleir i år. Hvordan tror du det blir både sosialt og fotball messig?
Slik det var før så var det en fordel for dei laga som fekk kome seg på gras i mars i og med at det var gras kampane vart spelt på. No er det stort sett kunstgrasbane overalt så akkurat det er ikkje like viktig no som det var då. Men det skal likevel bli godt å få kjenne graslukta igjen, få litt grønske på knea og kose seg på gode grasbane. Det sosiale er svært viktig på ein sånn tur. Vi blir meir spleisa som gruppe, og alle veit at ein jobber ekstra godt på bana for ein kompis enn berre ein som ein ser på trening, og ikkje før eller etter. Vi såg i fjor at når spelarane fann på ting i lag på fritida og, så såg vi igjen det på treningsfeltet og i kampane. Det var ikkje tilfeldig at vi berre tapte ein kamp på haustsesongen.

Når vi kommer tilbake til fagre Norge så er de knappe måneden igjen til serien kommer i gang. Hvordan tror du SIF vil hevde sei i årets 3.div der Sunndal med flere, ser ut til å bli sterke motstandere?
Eg har god tru på at vi kjem til å få ein god og kjekke sesong i år dersom vi får trent godt fram til alvoret startar. Vi har ein god stall som held høgt tredjedivisjonsnivå. Sunndal virker sterke, så det er nok laget vi må kjempe mot for å kome på det viktige 1.plassen. Men der er andre gode lag og. Vi må nødt å heve bunnivået vårt, det var for dårlig i fjor(Eidsvåg borte).

Nye spillere er kommet inn, mens noen har gitt seg. Hvordan er årets SIF stall kontra fjorårets?
Utifrå det vi starta med i fjor, og det vi starta med i år i januar, så er vi styrka. Mange fleire spelarar og ein mykje betre januarmåned treningsmessig, gjer at iallefall eg ser svært lyst på det. Men det er klart, vi har mista 2-3 gode spelarar frå i fjor, som vi skulle likt å ha med i år, men spelarane som har komt til oss, er spelarar som har god sjanse til å få mykje speletid, dersom dei virkelig går inn for det. At vi no har fått inn Tor Martin Sørlie som keepertrener, vil heve keeperane våre og dermed laget vårt.

Hva er dine egne ambisjoner? Vil du gå for toppskårer tittelen i år?
Mine ambisjoner er å få SIF opp i 2.divisjon der dei høyrer heime. Heilt sidan vi rykte ned i 2010, så har det vore eit klart mål. I fjor var planen min å rykke opp og gi meg med det, men i og med vi ikkje klarte det, og på den måten det skjedde på, gjer at eg er topp motivert for å klare det i år! Toppscorer tittelen må nok andre kjempe om. Eg er like nøgd med å gi ei målgivende som å score sjøvl. "Det beste man kan vi en venn, er ei god pasning" -Ivar Hoff.

Helt til slutt. Hva er de viktigeste momentene SIF må fokusere på, for å få en god sesong?
Vi må ha god nok pust! For at oss skal kunne klare å vinne kampa, klare å gjer dei tinga vi vil med ball på slutten av kampane, så er O2 utrulig viktig!! Her må kvar spelar sørge sjølv for å ver godt nok trent!! Om ein ikkje kan kome på trening av ulike årsaker, så må spelarane sjølv ta ansvar for å trene kondisjon, slik at ein ikkje slakkar akterut i forhold til resten. I tillegg skal vi halde fram med å fortsatt vere eit spelande lag, noko vi viste i fleire kampar i fjor at vi er, og da er "korridor" eit nøkkelord, som vi alle veit.

Då takker vi kapteinen for intervjuet å ønsker han lykke til med årets meget spennende sesong! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar